I dette innlegget skal eg skrive
litt forskjellig om Ungdom og mote, og kva som kan påverke ungdom til å gå med
kleda og merkekleda som dei går med. Kva kan være årsaken til at ungdom bryr
seg så mykje om kleda dei har og går med? Eg skal også nemne litt om
forskjellige personar i vennegjengen og korleis dei kan påverke deg. Du skal
også få lese om mi meining om korleis det burde være i ein vennegjeng og
liknande.
I dag er det mange unge som er
opptekne av den kledemota alle andre venner bruker. Ungdommen vil helst skilja
seg ut så lite som mulig og gå med det alle andre av vennegjengen går med. Dei
vil være ein del av det ungdomsmiljøet ein lev i nå. Etter kvar dag som går,
dukkar det opp forskjellege nye trendar som ein skal følgje. For eksempel i ein
periode skulle alle jentene gå med korte og strame toppar, mens gutane skulle
bestandig gå med lue eller caps innandørs. Men det er eit spesielt spørsmål som
folk har lurt på. Det er om det er ungdommen som sjølv bestemmer moten, eller
blir dei påverka av all reklamen som er og korleis førebileta går innanfor
musikk og film?
Det kan vere ganske mange
forskjellige eksempel på dette med ungdom og mote. Eit anna eksempel er
mobiltelefonen. For nokre få år sidan kunne ingen tenkje seg at ungdommen ville
bruke masse pengar på å kunne sende tekstmeldingar og ringe til vennar og
andre. Men mobiltelefonen har endra måten vi forhold oss til kvarandre på. I
dag så sender vi bare ei lita tekstmelding for å spørje kor vennane våras er
eller kva han gjer nå. Før i tida måtte ungdommen gå på besøk til kvarandre for
å treffes eller snakke saman. I dag er også Instagram og andre sosiale mediar
ein del av kvardagen og nesten like vanleg som å ete.

Det er ei spesiell utfordring når det gjeld trendar og motar. I nokre tilfelle må ein ha det siste nye for å være fullt godkjent eller godteken av alle dei andre i «gruppa» som du går med. Dette gjeld ikkje bare klede men også spelmaskinar og mobiltelefonar. Dette er ei dårleg vane som har kome inn i den norske kulturen blant ungdom. Ein kan jo også lure på kvifor det er slik. Eg trur at mange ungdommar i dag sliter med dårleg sjølvtillit og at dei gjer alt for at dei skal passe inn i den populære gjengen. Dei vennane som ikkje godtek deg fordi du går med andre klede eller skil deg ut er ikkje dei nære gode vennane dine. Dei gode vennane tenkjer ikkje noko på korleis ein ser ut utanpå men korleis ein er innanpå.
Eg syns at dette er ei dårleg eigenskap
av dei norske ungdommane ved å dømme folk bare på grunn av at ein ikkje går med
dei nyaste kleda eller ikkje har den nyaste telefonen. Dette kan nok i lengda
også være ganske så dyrt for familiar som ikkje har så god råd for å kjøpe nye
merkeklede eller telefonar. Ein burde få gå med det ein sjølv syns er fint og
ikkje det alle andre syns er fint. Du må bestemme over deg sjølv utan å føle
eit press over deg som seier korleis du skal gå og kva du skal gå med. Dette
var mi meining om ungdom og mote.
-Kaja.
http://www.dn.no/d2/2014/11/13/2112/Mote/de-klassisk-unge
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar