
I verden fins det mange alkoholhaldige
drikker, og felles for dei er at dei inneheld ei stoff som heitar etanol. Dette
stoffet her gir ein rusverknad. I Norge fins det også noko som blir kalla
alkohollova, og etter denne lova er alkoholhaldig drikk ei samnemning på
drikker som inneheld meir enn 2,5 volumprosent alkohol. (Ekeland, s.72) Dei
drikkane som er mest vanleg og som dei fleste veit om er øl, vin og brennevin.
Dersom ei gravid kvinne drikk alkohol,
kjem alkoholen over i blodet til fosteret og gir fosteret same promille som
mora. Dette kan også gjere slik at fosteret blir skadd av alkoholinntaket av
mora. (Ekeland, s.72) I Norge er gjennomsnittsalderen for å drikke vin og
brennevin første gong rundt 15 år, og 14,5 år for øl. (Ekeland, s.73) Dette vil
seie at i dei neste åra så vil mange av klassekameratane dine prøve å drikke
for første gong. Det er også mange ungdommar som vel å seie nei til å
drikke alkohol når ein er så ung, og dette er ein bra ting. Forbruket for
alkohol er størst blant unge menneske, og det minkar når ein passerar
30-årsalderen. (Ekeland, s.73)
Det er også ei alkohollov som eg skreiv
tidlegare i innlegget, og denne lova seier at ein må være 18 år for å få kjøpt
øl og vin, og 20 for å få kjøpt brennevin. Det
er forbode å kjøpe alkohol til menneske under 18 år, og dette blir kalla for
«langing» (Ekeland, s.74).

Ein kan også få problem viss ein drikk
for mykje alkoholdrikkar. Nokon problem som er knyta til helgefyll og høgt
alkoholinntak er krangel, slagsmål og ulykker. (Ekeland, s.75) Dette vil altså seie viss du er i rusa
tilstand så seiar lova at ein ikkje har lov å bruke noko kjøretøy fram til
promillen er ute av kroppen, men det er ikkje alle som følg denne lova her.
Dette førar til at det blir fleire trafikkulykker. Det er som oftast unge menn
som havnar i desse ulykkene. Det er fordi dei blir dristige og vil tøffe seg
ved å køyre i stor fart. Dette er eit dårleg val sidan alkoholen gjer slik at
ein ikkje har full kontroll over seg sjølv, og at ein ikkje klarer å vurdera
farlege situasjonar sjølv. (Ekeland, s.75) Alkohol, ulykker og lovbrot går ofte
hand i hand, og fyll er den viktigaste dødsårsaka for menn mellom 15 og 30 år.
Ein kan også få problem ved langvarig
alkoholmisbruk. Det er meir ein 60 ulike sjukdommar som er knytte til
alkoholbruk. Du kan få skadar på personlegdommen og i familien, skadar på
nervesystemet, skada på levra og andre skadar ved bruk av langvarig
alkoholmisbruk.

Eg syns sjøl at ein ikkje burde prøve
alkoholdrikker før ein er 18 år minst. Dette
er fordi du kan øydelegge heile oppveksten din og resten av livet ditt viss du
får alkoholproblem. Du kan også komme i ulykker som kanskje kan føre til at du
mistar livet ditt, og dette er ikkje ein måte du har lyst å dø på. Eg skal
ikkje starte å drikke før eg er 18 år og lovleg til det, for eg vil ikkje
øydelegge heile livet mitt ved å drikke alkohol når eg er 15-16 år.
-Kaja
Kjelder: Ekeland, Per Roar m.fl., Tellus 9, Aschehoug, 2007.
http://alkalisk.no/klarer-du-%C3%A5-si-nei-til-alkohol.html
http://www.dagbladet.no/nyheter/2008/07/18/541184.html
fint bilde Kaja på blogg Kaja.....!!!
SvarSlett