fredag 6. november 2015

Alkohol



 I dette innlegget skal eg skrive litt om reglar for alkohol i Norge, og kva som kan skje eller kva konsekvensar ein kan få viss ein drikk for mykje alkoholdrikkar. Eg skal også skrive litt om kva eg syns er det rette ved bruk av alkohol.

I verden fins det mange alkoholhaldige drikker, og felles for dei er at dei inneheld ei stoff som heitar etanol. Dette stoffet her gir ein rusverknad. I Norge fins det også noko som blir kalla alkohollova, og etter denne lova er alkoholhaldig drikk ei samnemning på drikker som inneheld meir enn 2,5 volumprosent alkohol. (Ekeland, s.72) Dei drikkane som er mest vanleg og som dei fleste veit om er øl, vin og brennevin.

Dersom ei gravid kvinne drikk alkohol, kjem alkoholen over i blodet til fosteret og gir fosteret same promille som mora. Dette kan også gjere slik at fosteret blir skadd av alkoholinntaket av mora. (Ekeland, s.72) I Norge er gjennomsnittsalderen for å drikke vin og brennevin første gong rundt 15 år, og 14,5 år for øl. (Ekeland, s.73) Dette vil seie at i dei neste åra så vil mange av klassekameratane dine prøve å drikke for første gong. Det er også mange ungdommar som vel å seie nei til å drikke alkohol når ein er så ung, og dette er ein bra ting. Forbruket for alkohol er størst blant unge menneske, og det minkar når ein passerar 30-årsalderen. (Ekeland, s.73)

Det er også ei alkohollov som eg skreiv tidlegare i innlegget, og denne lova seier at ein må være 18 år for å få kjøpt øl og vin, og 20 for å få kjøpt brennevin. Det er forbode å kjøpe alkohol til menneske under 18 år, og dette blir kalla for «langing» (Ekeland, s.74).
FLERE TRAFIKKULYKKER I TELEMARK: Dette bildet er fra ulykken på gamle E18 i Bamble, der en motorsykkelfører er fraktet til sykehus med ukjent skadeomfang.
Ein kan også få problem viss ein drikk for mykje alkoholdrikkar. Nokon problem som er knyta til helgefyll og høgt alkoholinntak er krangel, slagsmål og ulykker. (Ekeland, s.75)  Dette vil altså seie viss du er i rusa tilstand så seiar lova at ein ikkje har lov å bruke noko kjøretøy fram til promillen er ute av kroppen, men det er ikkje alle som følg denne lova her. Dette førar til at det blir fleire trafikkulykker. Det er som oftast unge menn som havnar i desse ulykkene. Det er fordi dei blir dristige og vil tøffe seg ved å køyre i stor fart. Dette er eit dårleg val sidan alkoholen gjer slik at ein ikkje har full kontroll over seg sjølv, og at ein ikkje klarer å vurdera farlege situasjonar sjølv. (Ekeland, s.75) Alkohol, ulykker og lovbrot går ofte hand i hand, og fyll er den viktigaste dødsårsaka for menn mellom 15 og 30 år.

Ein kan også få problem ved langvarig alkoholmisbruk. Det er meir ein 60 ulike sjukdommar som er knytte til alkoholbruk. Du kan få skadar på personlegdommen og i familien, skadar på nervesystemet, skada på levra og andre skadar ved bruk av langvarig alkoholmisbruk.

Eg syns sjøl at ein ikkje burde prøve alkoholdrikker før ein er 18 år minst. Dette er fordi du kan øydelegge heile oppveksten din og resten av livet ditt viss du får alkoholproblem. Du kan også komme i ulykker som kanskje kan føre til at du mistar livet ditt, og dette er ikkje ein måte du har lyst å dø på. Eg skal ikkje starte å drikke før eg er 18 år og lovleg til det, for eg vil ikkje øydelegge heile livet mitt ved å drikke alkohol når eg er 15-16 år.

-Kaja
Kjelder:
Ekeland, Per Roar m.fl., Tellus 9, Aschehoug, 2007.
http://alkalisk.no/klarer-du-%C3%A5-si-nei-til-alkohol.html
http://www.dagbladet.no/nyheter/2008/07/18/541184.html
http://bestylepics.net/pages/a/alkohol/




 

 

mandag 2. november 2015

Ungdom og mote




I dette innlegget skal eg skrive litt forskjellig om Ungdom og mote, og kva som kan påverke ungdom til å gå med kleda og merkekleda som dei går med. Kva kan være årsaken til at ungdom bryr seg så mykje om kleda dei har og går med? Eg skal også nemne litt om forskjellige personar i vennegjengen og korleis dei kan påverke deg. Du skal også få lese om mi meining om korleis det burde være i ein vennegjeng og liknande.


I dag er det mange unge som er opptekne av den kledemota alle andre venner bruker. Ungdommen vil helst skilja seg ut så lite som mulig og gå med det alle andre av vennegjengen går med. Dei vil være ein del av det ungdomsmiljøet ein lev i nå. Etter kvar dag som går, dukkar det opp forskjellege nye trendar som ein skal følgje. For eksempel i ein periode skulle alle jentene gå med korte og strame toppar, mens gutane skulle bestandig gå med lue eller caps innandørs. Men det er eit spesielt spørsmål som folk har lurt på. Det er om det er ungdommen som sjølv bestemmer moten, eller blir dei påverka av all reklamen som er og korleis førebileta går innanfor musikk og film?

Det kan vere ganske mange forskjellige eksempel på dette med ungdom og mote. Eit anna eksempel er mobiltelefonen. For nokre få år sidan kunne ingen tenkje seg at ungdommen ville bruke masse pengar på å kunne sende tekstmeldingar og ringe til vennar og andre. Men mobiltelefonen har endra måten vi forhold oss til kvarandre på. I dag så sender vi bare ei lita tekstmelding for å spørje kor vennane våras er eller kva han gjer nå. Før i tida måtte ungdommen gå på besøk til kvarandre for å treffes eller snakke saman. I dag er også Instagram og andre sosiale mediar ein del av kvardagen  og nesten like vanleg som å ete.

HELT BASIC BUKSE, og overdel fra Abercrombie & Fitch. Årsakene til trenden er at plaggene ikke selges i Norge – og at de er behagelige, sier ungdommen D2 har vært i kontakt med. 1. Nora Gjermundsen, (14) Ringshaug ungdomsskole ◆ 2. Frida Svenning (15), Ringshaug ungdomsskole ◆ 3. Aurora Archer (14), Marienlyst skole ◆ 4. Nora Engblom (14), Marienlyst skole ◆ 5. Sara Hundseid (15), Skøyenåsen skole ◆ 6. Linda Pettersen (15), Skøyenåsen skole ◆ 7. Marte Bratland Løvaas (15), Skøyenåsen skole ◆ 8. Ingvild Stensrud (15), Skøyenåsen skole ◆ 9. Thea Langfoss (15), Skøyenåsen skoleI dag er ungdom ein ganske sterk kjøpegruppe, og mykje av reklamane i verda er retta spesielt mot dei unge. Reklamane er også retta mot ulike og bestemte ungdomskulturar. Ungdom blir nok påverka av all reklamen som er rundt, men ein blir nok også påverka av kva dei andre vennane går med. Det er nok også slik at i dei ulike gruppene så er det forskjellige personar som ein ser opp til eller ser på når det gjeld mote og klede. Då blir det ofte slik at det er den eine personen i gruppa som «bestemmer» kva som er kult og kva dei andre i gruppa skal gå med.

Det er ei spesiell utfordring når det gjeld trendar og motar. I nokre tilfelle må ein ha det siste nye for å være fullt godkjent eller godteken av alle dei andre i «gruppa» som du går med. Dette gjeld ikkje bare klede men også spelmaskinar og mobiltelefonar. Dette er ei dårleg vane som har kome inn i den norske kulturen blant ungdom. Ein kan jo også lure på kvifor det er slik. Eg trur at mange ungdommar i dag sliter med dårleg sjølvtillit og at dei gjer alt for at dei skal passe inn i den populære gjengen. Dei vennane som ikkje godtek deg fordi du går med andre klede eller skil deg ut er ikkje dei nære gode vennane dine. Dei gode vennane tenkjer ikkje noko på korleis ein ser ut utanpå men korleis ein er innanpå.


Eg syns at dette er ei dårleg eigenskap av dei norske ungdommane ved å dømme folk bare på grunn av at ein ikkje går med dei nyaste kleda eller ikkje har den nyaste telefonen. Dette kan nok i lengda også være ganske så dyrt for familiar som ikkje har så god råd for å kjøpe nye merkeklede eller telefonar. Ein burde få gå med det ein sjølv syns er fint og ikkje det alle andre syns er fint. Du må bestemme over deg sjølv utan å føle eit press over deg som seier korleis du skal gå og kva du skal gå med. Dette var mi meining om ungdom og mote.

-Kaja.                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                  

http://www.dn.no/d2/2014/11/13/2112/Mote/de-klassisk-unge