fredag 6. november 2015

Alkohol



 I dette innlegget skal eg skrive litt om reglar for alkohol i Norge, og kva som kan skje eller kva konsekvensar ein kan få viss ein drikk for mykje alkoholdrikkar. Eg skal også skrive litt om kva eg syns er det rette ved bruk av alkohol.

I verden fins det mange alkoholhaldige drikker, og felles for dei er at dei inneheld ei stoff som heitar etanol. Dette stoffet her gir ein rusverknad. I Norge fins det også noko som blir kalla alkohollova, og etter denne lova er alkoholhaldig drikk ei samnemning på drikker som inneheld meir enn 2,5 volumprosent alkohol. (Ekeland, s.72) Dei drikkane som er mest vanleg og som dei fleste veit om er øl, vin og brennevin.

Dersom ei gravid kvinne drikk alkohol, kjem alkoholen over i blodet til fosteret og gir fosteret same promille som mora. Dette kan også gjere slik at fosteret blir skadd av alkoholinntaket av mora. (Ekeland, s.72) I Norge er gjennomsnittsalderen for å drikke vin og brennevin første gong rundt 15 år, og 14,5 år for øl. (Ekeland, s.73) Dette vil seie at i dei neste åra så vil mange av klassekameratane dine prøve å drikke for første gong. Det er også mange ungdommar som vel å seie nei til å drikke alkohol når ein er så ung, og dette er ein bra ting. Forbruket for alkohol er størst blant unge menneske, og det minkar når ein passerar 30-årsalderen. (Ekeland, s.73)

Det er også ei alkohollov som eg skreiv tidlegare i innlegget, og denne lova seier at ein må være 18 år for å få kjøpt øl og vin, og 20 for å få kjøpt brennevin. Det er forbode å kjøpe alkohol til menneske under 18 år, og dette blir kalla for «langing» (Ekeland, s.74).
FLERE TRAFIKKULYKKER I TELEMARK: Dette bildet er fra ulykken på gamle E18 i Bamble, der en motorsykkelfører er fraktet til sykehus med ukjent skadeomfang.
Ein kan også få problem viss ein drikk for mykje alkoholdrikkar. Nokon problem som er knyta til helgefyll og høgt alkoholinntak er krangel, slagsmål og ulykker. (Ekeland, s.75)  Dette vil altså seie viss du er i rusa tilstand så seiar lova at ein ikkje har lov å bruke noko kjøretøy fram til promillen er ute av kroppen, men det er ikkje alle som følg denne lova her. Dette førar til at det blir fleire trafikkulykker. Det er som oftast unge menn som havnar i desse ulykkene. Det er fordi dei blir dristige og vil tøffe seg ved å køyre i stor fart. Dette er eit dårleg val sidan alkoholen gjer slik at ein ikkje har full kontroll over seg sjølv, og at ein ikkje klarer å vurdera farlege situasjonar sjølv. (Ekeland, s.75) Alkohol, ulykker og lovbrot går ofte hand i hand, og fyll er den viktigaste dødsårsaka for menn mellom 15 og 30 år.

Ein kan også få problem ved langvarig alkoholmisbruk. Det er meir ein 60 ulike sjukdommar som er knytte til alkoholbruk. Du kan få skadar på personlegdommen og i familien, skadar på nervesystemet, skada på levra og andre skadar ved bruk av langvarig alkoholmisbruk.

Eg syns sjøl at ein ikkje burde prøve alkoholdrikker før ein er 18 år minst. Dette er fordi du kan øydelegge heile oppveksten din og resten av livet ditt viss du får alkoholproblem. Du kan også komme i ulykker som kanskje kan føre til at du mistar livet ditt, og dette er ikkje ein måte du har lyst å dø på. Eg skal ikkje starte å drikke før eg er 18 år og lovleg til det, for eg vil ikkje øydelegge heile livet mitt ved å drikke alkohol når eg er 15-16 år.

-Kaja
Kjelder:
Ekeland, Per Roar m.fl., Tellus 9, Aschehoug, 2007.
http://alkalisk.no/klarer-du-%C3%A5-si-nei-til-alkohol.html
http://www.dagbladet.no/nyheter/2008/07/18/541184.html
http://bestylepics.net/pages/a/alkohol/




 

 

mandag 2. november 2015

Ungdom og mote




I dette innlegget skal eg skrive litt forskjellig om Ungdom og mote, og kva som kan påverke ungdom til å gå med kleda og merkekleda som dei går med. Kva kan være årsaken til at ungdom bryr seg så mykje om kleda dei har og går med? Eg skal også nemne litt om forskjellige personar i vennegjengen og korleis dei kan påverke deg. Du skal også få lese om mi meining om korleis det burde være i ein vennegjeng og liknande.


I dag er det mange unge som er opptekne av den kledemota alle andre venner bruker. Ungdommen vil helst skilja seg ut så lite som mulig og gå med det alle andre av vennegjengen går med. Dei vil være ein del av det ungdomsmiljøet ein lev i nå. Etter kvar dag som går, dukkar det opp forskjellege nye trendar som ein skal følgje. For eksempel i ein periode skulle alle jentene gå med korte og strame toppar, mens gutane skulle bestandig gå med lue eller caps innandørs. Men det er eit spesielt spørsmål som folk har lurt på. Det er om det er ungdommen som sjølv bestemmer moten, eller blir dei påverka av all reklamen som er og korleis førebileta går innanfor musikk og film?

Det kan vere ganske mange forskjellige eksempel på dette med ungdom og mote. Eit anna eksempel er mobiltelefonen. For nokre få år sidan kunne ingen tenkje seg at ungdommen ville bruke masse pengar på å kunne sende tekstmeldingar og ringe til vennar og andre. Men mobiltelefonen har endra måten vi forhold oss til kvarandre på. I dag så sender vi bare ei lita tekstmelding for å spørje kor vennane våras er eller kva han gjer nå. Før i tida måtte ungdommen gå på besøk til kvarandre for å treffes eller snakke saman. I dag er også Instagram og andre sosiale mediar ein del av kvardagen  og nesten like vanleg som å ete.

HELT BASIC BUKSE, og overdel fra Abercrombie & Fitch. Årsakene til trenden er at plaggene ikke selges i Norge – og at de er behagelige, sier ungdommen D2 har vært i kontakt med. 1. Nora Gjermundsen, (14) Ringshaug ungdomsskole ◆ 2. Frida Svenning (15), Ringshaug ungdomsskole ◆ 3. Aurora Archer (14), Marienlyst skole ◆ 4. Nora Engblom (14), Marienlyst skole ◆ 5. Sara Hundseid (15), Skøyenåsen skole ◆ 6. Linda Pettersen (15), Skøyenåsen skole ◆ 7. Marte Bratland Løvaas (15), Skøyenåsen skole ◆ 8. Ingvild Stensrud (15), Skøyenåsen skole ◆ 9. Thea Langfoss (15), Skøyenåsen skoleI dag er ungdom ein ganske sterk kjøpegruppe, og mykje av reklamane i verda er retta spesielt mot dei unge. Reklamane er også retta mot ulike og bestemte ungdomskulturar. Ungdom blir nok påverka av all reklamen som er rundt, men ein blir nok også påverka av kva dei andre vennane går med. Det er nok også slik at i dei ulike gruppene så er det forskjellige personar som ein ser opp til eller ser på når det gjeld mote og klede. Då blir det ofte slik at det er den eine personen i gruppa som «bestemmer» kva som er kult og kva dei andre i gruppa skal gå med.

Det er ei spesiell utfordring når det gjeld trendar og motar. I nokre tilfelle må ein ha det siste nye for å være fullt godkjent eller godteken av alle dei andre i «gruppa» som du går med. Dette gjeld ikkje bare klede men også spelmaskinar og mobiltelefonar. Dette er ei dårleg vane som har kome inn i den norske kulturen blant ungdom. Ein kan jo også lure på kvifor det er slik. Eg trur at mange ungdommar i dag sliter med dårleg sjølvtillit og at dei gjer alt for at dei skal passe inn i den populære gjengen. Dei vennane som ikkje godtek deg fordi du går med andre klede eller skil deg ut er ikkje dei nære gode vennane dine. Dei gode vennane tenkjer ikkje noko på korleis ein ser ut utanpå men korleis ein er innanpå.


Eg syns at dette er ei dårleg eigenskap av dei norske ungdommane ved å dømme folk bare på grunn av at ein ikkje går med dei nyaste kleda eller ikkje har den nyaste telefonen. Dette kan nok i lengda også være ganske så dyrt for familiar som ikkje har så god råd for å kjøpe nye merkeklede eller telefonar. Ein burde få gå med det ein sjølv syns er fint og ikkje det alle andre syns er fint. Du må bestemme over deg sjølv utan å føle eit press over deg som seier korleis du skal gå og kva du skal gå med. Dette var mi meining om ungdom og mote.

-Kaja.                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                  

http://www.dn.no/d2/2014/11/13/2112/Mote/de-klassisk-unge






 




torsdag 29. oktober 2015

Korleis kan ein få betre klassemiljø?



 


I dette innlegget skal er skrive litt om korleis vi kan få eit betre klassemiljø. Eg skal også skrive litt om korleis eg syns at det burde vere i ein klasse og korleis ein skal oppføre seg ovanfor andre rundt og lærarane på skulen.
 
Skulen er ein plass der vi er 5 dagar i uka og 6 timar kvar dag, og for at dette skal væra ein plass vi trivs burde vi først og fremst ha eit godt klassemiljø på skulen. Dette er noko som er ganske viktig for at elevane på skulane skal trivst best mulig og ikkje droppa ut av skulen i ung alder.  Dårlig klassemiljø kan vere ei av grunnane til at unge droppar ut av skulen tidleg. Det er ulike ting ein bør ha med for å få eit godt klassemiljø. Nokon av tinga ein burde ha i eit bra klassemiljø er arbeidsro i timen og godt samarbeid. Elevene bør fokusere og ikkje forstyrr den di sitter med. Elevene bør også ha respekt for den læraren som står i klasserommet og snakkar. Det er også ofte nokon i klassar som er forbilde i klassen sin for andre elevar. Då er det viktig at ein viser interesse for faga ein har og at ein følg godt med i timane. Viss eleven som er forbilde gjer det motsette av dette gjer det også slik at den andre eleven og kanskje startar med det den andre eleven held på med. Dette fører til at begge går glipp av viktig undervisning. Det er ganske ofte ungdom frå to spesielle gjengar på skolen som er forbilde, og det er den populære gjengen og idrettsgjengen. Desse to gjengane pleiar som regel å vere flinke på skulen og utanom, og ha ein god oppførsel på skulen.
 
Eg syns at det å ha eit godt klassemiljø er viktig blant elevane. Viss ein ikkje har godt klassemiljø kan dette gå utover dei som ikkje trivs på skulen, og dette kan då gjer at framtida deira blir dårleg og at den eleven ikkje får noko god utdanning. Det er også ganske så viktig at ein ikkje startar å drikke alkohol i ung alder for dette kan også øydelegge oppveksten og framtida deira. Vaksne har ei oppgåve for at elevane skal ha det godt og bra på skulen, men ungdom har også et stort ansvar sjølv.
 
Dette var noko av det eg meiner skal være med for å få eit godt klassemiljø. Eg har også skreve litt om korleis det kan bli viss ein ikkje har eit godt klassemiljø og ikkje har det bra på skulen.  





Kjelder:
https://twitter.com/hashtag/klassemilj%C3%B8
http://laringsmiljosenteret.uis.no/barn-og-unges-utfordringer/aggresjon/forskning-om-aggresjon/ser-etter-svakheter-hos-nye-laerere-article73255-14233.html
 

tirsdag 27. oktober 2015

Ungdomskulturen idag og før





I dette innlegget skal eg forklara litt kva ungdomskultur er og nokon eksempel på det. Nokon av eksempla eg skal gje er blant anna om korleis dei unge forandra seg frå foreldregenerasjonen og liknande. 

Ungdomskultur er ein kultur som er skapt av og for unge menneske. Dette omgrepet oppstod i 1950-åra da rock blei ein populær musikk. Dei vaksne som levde på denne tida likte ikkje så godt denne musikken så dei hald seg mest unna rocken. Ungdommen var motsett av dei vaksne. Dei likte rockemusikken med dei heftige, harde rytmane. Det kom også ein ny kledemote på 1950-talet. Dette var olabukser og skinnjakker, og dette gjorde også slik at dei unge skilde seg meir ut frå foreldregenerasjonen. 


Ungdomskulturen i dag er heilt stikk motsett av kva den var før i tida. Før i tida var ungdommen ofte ute saman med andre og hadde ei sosial fritid. Ein var ofte ute å lekte saman med mange andre unge på sin alder, men nå er det ganske annleis ein kva det var då. Idag sitt ein ganske ofte på mobil eller data for å skjekke dei ulike tinga på sosiale media. Ungdom er vanligvis innpå Facebook, Instagram og SnapChat. Dette skjer ofte i skuletida men skjer endå meir heime. Det er ofte vaksne som seier at barn og unge er alt for usosiale på fritida og bruker alt for mykje mobilen. Dei unge føler ein viss «tvang» til å vere på og tilgjengeleg døgnet rundt på dei sosiale media. I dag har ein også med seg telefonen over alt, og må alltid ha den med seg når ein går til andre plasser.

Eg har nå skrive nokon forskjellige ungdomskulturar frå den dag i dag og før i tida. Eg har sjølv lært noko av det eg har skrive her og det håpar eg at du også har.

-Kaja



 

 

 



mandag 26. oktober 2015

Operasjon Dagsverk



OD-dagen dette året er 29 oktober altså ein torsdag. Denne dagen skal alle som går på ungdomsskular i heile landet arbeide ein dag for å tene inn pengar til noko som heitar Amnesty. Amnesty er ein organisasjon som kjemper for at alle skal få menneskerettar rundt i heile verda. Dette året kjempar dei for at jenter skal få seksualundervisning på skulen slika at dei ikkje blir mor i ung alder. Dei landa som Amnesty fokuserer på i år er Argentina, Chile og Peru. I desse tre landa er det forbodet å ta abort viss ein blir gravid, og dette er sjølv om man er 13 år og oppover. Unge får heller ikkje seksuellundervisning på skulen og dette er også noko som Amnesty vil ha. Men for eksempel viss ei jente på 13 år blir voldtatt så får hu ikkje lov å ta abort uansett kva, og det er dette Amnesty vil få ei forandring på.

På OD-dagen skal eg arbeide i Egersund saman med farmora mi. Hun driv eigen butikk i Egersund som hu har drevet i over 30 år nå. Vi reiser frå Nærbø kl07:30 og vi starter på jobb rundt 08:30. Vi er ikkje ferdig før klokken er 17:30. Vi skal tene inn 300kr til Amnesty men viss eg tenar meir vil eg gje dei pengane og til Amnesty for å hjelpa dei som treng det.

Eg syns at dette er ein god måte å hjelpe andre menneske i andre land som ikkje har det så godt som oss. Eg gleda meg kvar gong vi skal ha denne dagen for då får eg hjelpt dei som treng det og slik at dei kank\skje får eit betre liv. Med andre ord eg vil altså sei at dette er ein kjempe ide av Amnesty og dette er ein god måte å hjelpe andre menneske.


 

tirsdag 13. oktober 2015

Menneskerettar



Bilderesultat for menneskerettarMenneskerettigheitar er grunnleggjande rettigheitar som kvart menneske har, uansett rase, kjønn, religion eller annan status.  Eit eksempel på menneskerettigheitar er ytringsfridom, og den rettigheita går ut på at ein har lov å sei kva ein meiner og at ein har lov å tru på det ein vil utan at ein blir straffa for det. I nokon land er det folk som blir straffa for ting ein seier eller på kva ein trur på.

Nokon folk kan væra naudsynte, men eg trur nok ikkje at alle menneska er det. Dei folka som er naudsynte er ganske dømande viss det er folk med anna tru, farge eller nasjonalitet. Dette kan være store problem her i verda, men eg trur nok ikkje at det er så stort problem her i Noreg.

Det er mange menneskerettigheitar som er viktige nå i dag, men det er nok også nokon som ikkje er så viktige som alle andre. Ein av rettane som er ganske så viktige er ytringsfridommen til menneska. Det er fleire menneskerettigheitar som er viktige og, men det er også sikkert mange av dei menneskerettigheitene som ein ikkje veit om og liknande. Det kan være fordi dei ikkje er så viktige her i livet og at ein ikkje har hørt om det før, men dei kan framleis være viktige i livet.

-Kaja.

mandag 12. oktober 2015

Litt meir om meg sjølv



Mitt navn er Kaja horst Haugseng. Eg er 14 år gammal og går på Nærbø Ungdomskule. På fritida mi spelar eg håndball. Der spelar eg saman med jenter 2000 og 1999. Me har eit kjempe miljø i laget og det er nesten aldri noe problemer mellom spelerane. Dette er eit kanon lag å spele på. Me har 3 forskjellige lag eit i 15 serien, eit i 16-2 serien og eit lag i 16-1. To av laga er med i Regionsserien. Då spelar me kampar både her  heime og på Sørlandet. Dette er for det meste det eg driv med på fritida mi. Eg er også med venner men mest på Håndballbanen.

- Kaja