tirsdag 27. oktober 2015

Ungdomskulturen idag og før





I dette innlegget skal eg forklara litt kva ungdomskultur er og nokon eksempel på det. Nokon av eksempla eg skal gje er blant anna om korleis dei unge forandra seg frå foreldregenerasjonen og liknande. 

Ungdomskultur er ein kultur som er skapt av og for unge menneske. Dette omgrepet oppstod i 1950-åra da rock blei ein populær musikk. Dei vaksne som levde på denne tida likte ikkje så godt denne musikken så dei hald seg mest unna rocken. Ungdommen var motsett av dei vaksne. Dei likte rockemusikken med dei heftige, harde rytmane. Det kom også ein ny kledemote på 1950-talet. Dette var olabukser og skinnjakker, og dette gjorde også slik at dei unge skilde seg meir ut frå foreldregenerasjonen. 


Ungdomskulturen i dag er heilt stikk motsett av kva den var før i tida. Før i tida var ungdommen ofte ute saman med andre og hadde ei sosial fritid. Ein var ofte ute å lekte saman med mange andre unge på sin alder, men nå er det ganske annleis ein kva det var då. Idag sitt ein ganske ofte på mobil eller data for å skjekke dei ulike tinga på sosiale media. Ungdom er vanligvis innpå Facebook, Instagram og SnapChat. Dette skjer ofte i skuletida men skjer endå meir heime. Det er ofte vaksne som seier at barn og unge er alt for usosiale på fritida og bruker alt for mykje mobilen. Dei unge føler ein viss «tvang» til å vere på og tilgjengeleg døgnet rundt på dei sosiale media. I dag har ein også med seg telefonen over alt, og må alltid ha den med seg når ein går til andre plasser.

Eg har nå skrive nokon forskjellige ungdomskulturar frå den dag i dag og før i tida. Eg har sjølv lært noko av det eg har skrive her og det håpar eg at du også har.

-Kaja



 

 

 



2 kommentarer:

  1. Så fint at du har med ei innleiing og ain avslutning. Likte også godt at du hadde med bilete :) Sjekk korleis "å skrive" skal bøyast på nynorsk.

    SvarSlett
  2. Takk for info-en

    SvarSlett